Ny fedrelandssong
Landet var likevel vårt : dikt 1945.
I Noreg det vårast då år etter år, og alltid kjem våren med song. Han tona på Eidsvoll så fri og så klår i syttande mai ein gong. Og sjuande juni med glede og glo rann fram på kvar blømande kvist. Men april kom atter med bitande sno, og frostnatta takka for sist. Og Noreg det fekk seg ein maidag til då femvinter-natta var slutt! Då gret dei av fryd, dei som fraus i april, og våren gav sigers-salutt! Ja, fredsduva dala på Dovre-fjell ned og breier ut venger som før. Det syng ifrå havet om fridom og fred, for krigsørna flaug imot sør. Sjå her mellom fjordar og flyer og fjell ligg heimen som fedrane gav. Her sumrane susar, og vintrane svell, og stormane stryk over grav. Her rita dei gamle for alltid sitt namn med åker i villskog og urd. Og trauste og trygge dei stod der i stamn om døden låg attmed på lur. Vi takkar Deg, Fader, for Noreg vårt land, for krossen Du planta her nord, for trygd av Di sterke og frelsande hand, for utveg då trengsla var stor. Du fylgje og føre så folket fer vel, så freden og gleda må gro! Lat krossen få falda seg ut i vår sjel så vent som i flagget vårt no! Mai 1945. |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |